Eidfjord kyrkje > Artikler > Nyheter
Bønevandring i kyrkjehagen

Bønevandring i kyrkjehagen

Har du sett at det heng eit fiskegarn på kyrkjeveggen? Det er eit takkegarn. Her kan du takke for noko du er takksam for, og henge opp ein tråd.

Det heng fleire trådar allereie, så mange har nytta høvet. Manuela har nemleg laga ei form for bønevandring rundt kyrkja og i kyrkjehagen. På ein annan post er eit ynskjetre.
​Rolf Trustein har dessutan vore litt fantleg, og gøymt fleire sauer rundt om kring. Klarer du å finne alle saman? Eg gjekk rundt i dag, men fann bare to. Rolf Trustein seier det kanskje er fleire, kanskje ikkje... Men han såg veldig hemmelighetsfull ut.


Del denne artikkel på e-post