Velkommen til kyrkjene i Eidfjord

Klikk på bileta for meir info om kyrkjene

Eidfjord kyrkje

eidfjord gamle kyrkje

Les meir om
Turistbesøk

Kyrkjene er opne kontordagar frå kl. 09.00 til 15.00
i perioden 01. mai til 02. september
Ellers i året er kyrkjene opne på førespurnad

Retningsliner for bruk av kyrkjene i Eidfjord

REGLEMENT OG RETNINGSLINER FOR BRUK AV KYRKJENE I EIDFJORD
1. Det skal føreliggja skriftleg søknad om lån av kyrkjene, søknaden må vera soknerådet i hende i god tid.
2. For å dekke soknerådet sine utgifter ved utlån av kyrkjene vert det krevd inn avgift etter gjeldande satsar.
3. Bruk av Eidfjord gamle kyrkje vert avgrensa til perioden 15. mai – 15. september.
4. I denne perioden kan det haldast gudstenester, konsertar og vigslar i Eidfjord gamle kyrkje. Kyrkjelege handlingar skal ellers føregå i Eidfjord kyrkje.
5. Ledsagerbevis skal akseptarast av alle aktørar som nyttar kyrkja til arrangementer.
6. Ved vigslar har brudepar eller familie ansvar for pynting inne og eventuelt utanfor kyrkja i samråd med kyrkjetenar.
7. Lokale lag og organisasjonar skal ikkje betale for bruk av kyrkjene.
 
BETALINGSSATSAR VED UTLÅN/BRUK AV KYRKJENE
Utlån av Eidfjord kyrkje                 kr    500,-
(Til dekking av oppvarming, vask og administrasjon)
Utlån/bruk av Eidfjord gamle kyrkje     kr 1 000,-
(Ved utlån: Til dekking av oppvarming, vask og administrasjon.)
(Ved vigslar:: Til dekking av meirarbeid i høve tilsette)
Dersom kyrkja sitt personell skal nyttast ved utlån av kyrkjene må det betalast eit tillegg på kr 300,- for kvar påbegynt time.