Vigsel i Eidfjord kyrkje

Det er gratis for kyrkja sine medlemmar å gifte seg i der ein bur. Den norske kyrkja er organisert ut i frå tankegangen om at den enkelte medlem høyrer til si lokale kyrkje, og har rett til å bli betjent der. Eidfjord sokneråd har vedteke at dersom ein av brudefolka har vakse opp i kommunen eller ein av foreldra bur her skal det heller ikkje takast betaling for vigselen.

Om ein ønsker å ha vigselen ein annan stad enn der ein bur, vil det normalt koste noko. For dei som ikkje har tilknytning til Eidfjord som beskrive over koster det kr 2 700,- å gifte seg her. Dette skal dekke soknerådet sine utgifter i samband med vigselen. I tillegg kjem rekning frå bispedømekontoret, kr 2 900,- som gjeld betaling for prest.
 

Ved vigslar har brudepar eller familie ansvar for pynting inne og eventuelt utanfor kyrkja i samråd med kyrkjetenar. 

 

Du kan lese meir om vigsel på Kirken.no

 

Les meir om
Bruk av Eidfjord gamle kyrkje til vigsel

Dersom det er ønskje om å nytte Eidfjord gamle kyrkje til vigsel er dette mogeleg. Bruk av Eidfjord gamle kyrkje krev ein del ekstra forarbeid for dei tilsette og brudeparet må betale kr 1 000 for dekking av desse kostnadene. Dette gjeld også for brudepar busett i Eidfjord.